Etter fleire år med digital foto, har det blitt ein god del bilder. Nokre deler ein med andre, enten det no er familiebilder, eller via fotobloggen som her. Gjennom årenes løp har eg ofte spurt meg sjølv, kva eg skal med alle desse bildene. "Kor" vil eg, og "kva" vil eg. Noko eintydig svar har eg ikkje på dette. Eg er berre lidenskapleg interessert i foto, og nesten uansett kor eg er, eller kva eg gjer på, ser eg ofte motiver "overalt". Når eg fotograferer kan eg gløyme tid og stad, og det å kombinere det med å være ute i naturen, gjer godt for sjel og kropp, og utfyller kvarandre, det gjer ei enorm glede og ei "meining med livet", så klisjeaktig det høyrest ut. ~