lørdag 26. desember 2009

~ Romjula 2009 ~




Tid for rolege og avslappande dagar med avkobling, lesing, turar, tv, besøk....etc......

fredag 25. desember 2009

~ God Jul ~




Julefreden har senka seg og me hadde ein koseleg julekveld i gårkveld, i lag med store og små, familie og nære vener, god mat og julegåver.
Ein avkoblande og fin kveld.

onsdag 23. desember 2009

~ Ei gledeleg overrasking ~


Det var ein laurdag i oktober, at det banka på døra mi.

Utanfor står det eit blomsterbud med ein nydeleg blomekreasjon til meg.

Lagt på eit keramikkfat, slik såg den ut:

Ei gledeleg overrasking som gjorde denne dagen minneverdig og spesiell.

søndag 20. desember 2009

~ Tenn et lys i mørket ~


Tok nokre bilder ikveld, bl.a. dette som har fått eit meir abstrakt preg, og eg liker stemningen.
Dessutan har det for meg eit større budskap om at me må tenke på og ha medkjensle med alle dei som ikkje har det så godt som oss, både i vårt eige land, og ellers i verda.
Me er priviligerte og me har godt av å bli minna på at det er ikkje alle som er like priviligerte som oss.
Naturlegvis kan det bli oppfatta som ein klisje, dette at me skal tenke slik no når det nærmar seg jul, for me burde vel eigentleg tenke slik heile året.
Eg ynskjer ei God og fredeleg jul til alle, og til mine nærmaste!