fredag 26. november 2010

~~ Lengte mot vår ~~

Sjøl om Kong Vinter har sin sjarm, tross sprengkulde, gjer det godt å sjå fram mot våren med dette bildet.

søndag 21. november 2010

~ Ghost Busters ~

~¤~ Skikkelser i natten~¤~

~~ Eit bilde som blei til ved eit "uhell"~ rart kva som kan dukka opp ved slike tilfeller :) ~~

mandag 4. oktober 2010

- Det er den draumen -

Eit av mine favorittdikt av Olav H. Hauge "Draumen".

"Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund
skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst om."

søndag 26. september 2010

- Den siste reisa -

"Din veg" av Olav H. Hauge:

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

lørdag 31. juli 2010