I juni var eg med på den høgtidlege seremonien på Høgskulen i Bergen, kor dotter mi og kullet hennar fekk utdelt vitnemål for fullført fysioterapi-studium. Det var ein fin og ærefull opplevelse. Det var mange fine innslag av ulike talar og underholdning, og med ei høgtidleg ramme omkring det heile, og alle jentene gjekk kledd i bunader.
Denne blomen var ein del av bordpynten til maten etterpå. No er dotter mi og kullet spredd rundt i landet på ulike plassar kor dei fullfører turnustjeneste.
Eg er så stolt av deg, kjære dotter mi!
© Inger Anne Maritsdotter Vik. All rights reserved
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar