onsdag 30. mars 2016

- Farvel -

Takk for alt

Kvil i fred

© Inger Anne Maritsdotter Vik. All rights reserved

torsdag 17. mars 2016

- Til minne om mi kjære mor -

Minnetalen eg framførte frå talarstolen i kyrkja under begravelsen til mi kjære mor i går, 16.mars.

"Kjære gode mammo mi.
Då var dagen komen for at me skulle ta farvel.
Fredag 4.mars gjekk du bort.
Og sjøl om me alle visste i lang tid kva veg det bar, er det så uendeleg trist å mista deg.
Det var ei god trøyst å samlast rundt sjukesenga di i lag med sysken og far.
Du var så fredeleg og hadde forsona deg med tanken på at tida var inne.
Du har vore så sterk! Me sa det til kvarandre, me sysken, at du var sterkare enn alle fjella til saman i heile Hardanger.
Alt du har vore gjennom dei siste åra.
No var det på tide å sleppa taket.
 Og la deg få fara.

Takk for alt mi kjære mor.
Du var den beste mora eg kunne få.
Og minnene vil for alltid være godt bevart i hjarta mitt.
Takk for alt, kjære mor."

Ein bilde-collage med bilder, frå venstre mor som ung jente, dernest er det mine foreldre som unge og nyforelska, bilde 3 er mine unge foreldre som nybakte foreldre med meg som baby; fødd på farsdagen i 1960, bilde 4 er mor og meg då eg var ca. 1-2 år ca. ~ Gode minner frå gamle dagar.